Utsmykking av rundkøyringa på Byglandsfjord

Formannskapet vedtok hausten 2023 å lage ei arbeidsgruppe som arbeidde vidare med realisering av utsmykking av rundkøyringa. Arbeidsgruppa har bestått av politikarar, representantar frå administrasjonen og lokalhistorikar. 

Arbeidsgruppa har sett til tidlegare valt motiv (stakkepar) og til innspela som kom inn, der tematikk innan samferdslehistorie går att. Eit sterkare fokus på Bygland si historie og identitet er ønska, meir enn på Setesdal. Endring av motiv har blitt grundig diskutert i gruppa, og det har blitt lufta blant innbyggarane på Byglandsfjord med positive tilbakemeldingar. Basert på dette har arbeidsgruppa valt å gå bort frå motivet stakkepar, og fokusert på Bjoren og Setesdalsbanen sin historiske posisjon på Byglandsfjord.


Arbeidsgruppa sitt forslag til konsept er toghjul med aksling som er plassert på skinner med eit anker som er støtta opp til akslingen. Formannskapet har stilt seg bak at ein arbeider vidare med dette konseptet. Det er ei målsetting å få utsmykkinga på plass innan 2024.