Ungdomsrådet har konstituert seg og består av fem hovudrepresentantar og tre varamedlem. I dei komande åra er det desse ungdomane som skal arbeide for gode vilkår for barn og unge i kommunen. Ved votering vart det avgjort at Selma Jacob Granheim er leiar og Jenny Feed Lunden er nestleiar for rådet.
Ungdomsrådet i Bygland for perioden 2025-2027
Bygland kommune
Hovudrepresentantar:
- Selma Jacob Granheim (leiar)
- Jenny Feed Lunden (nestleiar)
- Solfrid Fauske Langfeldt
- Emilian Dale Eklund
- Linea Vegusdal Hills
Varamedlem:
- Elias Greibrokk Heggernes
- Ellinor Langhelle Åsen
- Mathias Larsen Nomeland
Ungdomsrådet har kjønnsbalanse og god spreiing i alder frå 13 til 18 år. Når det kjem til geografisk tilhørsle, er representantane spreidd frå Byglandsfjord i sør, vidare til Longerak, Bygland og Åraksbø i nord.
Koordinatoren Anette Hovstad ser fram til ein spennande arbeidsperiode med denne fine ungdomsgjengen.
Frå venstre bak: Elias Greibrokk Heggernes, Emilian Dale Eklund, Solfrid Fauske Langfeldt, Jenny Feed Lunden, Selma Jacob Granheim og koordinator Anette Hovstad.
Frå venstre foran: Mathias Larsen Nomeland , Ellinor Langhelle Åsen og Linea Vegusdal Hills.