Undersøking om ekstra bussavgangar mellom Byglandsfjord og Evje

Omstillingsprogrammet Bygg Bygland og ordføraren er i dialog med AKT om moglegheita for å teste ei ekstra bussrute mellom Byglandsfjord og Evje sentrum, eit par dagar i veka for å gjere oss nokre erfaringar. Planen er å utvide rute 170 på nokre av avgangane som i dag endar på Evje.

For å vurdere behovet for ei slik prøveordning treng vi innspel frå innbyggjarane på Byglandsfjord. Ordninga vil gjelde ettermiddag/kveld. 

Vi har derfor laga ei kort spørjeundersøking for å kartleggje kva dagar og klokkeslett som er mest ønskelige for eit ekstra busstilbod. Resultata blir brukte i vidare dialog med AKT, ingen personinformasjon vert delt vidare til AKT eller andre.

Papirutgåver av undersøkinga er tilgjengelege på Prix Byglandsfjord og Byglandsfjord bibliotek. Du kan òg kontakte moglegheitsutviklar Gyro Heia for å få undersøkinga tilsendt. Svarfrist: måndag 22. mars. Dersom fleire i hushaldet kan vere interesserte i eit utvida busstilbod, ber vi om individuelle svar frå kvar enkelt.

Når du sender inn dette skjemaet, vil det ikke automatisk samle inn opplysninger som navn og e-postadresse, med mindre du oppgir det selv.

Delta i spørjeundersøkinga