TV-aksjonen på Byglandsfjord
May Britt Stenjor
Bygland kommune nr.7 i Agder under TV-aksjonen sundag 19.10. Bygland er den kommunen i Agder som fekk mest inn på bøssane i år sett ut i frå innbyggartal!
TV-aksjonen har til no fått inn 240 306 268 mill. kr.
Svalbard stend som den rausaste gjevaren basert på innbyggartal med 473 kr. per innbyggar.
I Agder kjem Bygland på ein flott 7. plass rett bak Valle. I Bygland har det blitt gjett i snitt 79,56 kr. per innbyggar!
Bygland kommune har bidratt med kr. 20 000. Ikkje minst har Byglandsfjord oppvekstsenter bidrege med kr. 4390, på sitt lommelyktløp 16.10!
Tusen takk til alle dei flotte bøsseberarane som nytta noko av si tid under TV-aksjonen, for å støtte opp om ei god sak! Og takk til elevar frå KVS-Bygland som deltok i år.
TV-aksjon i Bygland, elevar frå KVS Bygland
Anne Fauske
Ikkje minst, takk til deg som tok så godt i mot dei alle.
Totalt samla me inn kr. 49 352 på bøssane. 27 000 kr. i kontant og resten på Vipps.
Totalen for både bøsser, kommunalt bidrag og lommelyktløp er 93 885 kr. !