Tone med kontroll i fjosa frå Bjåen til Iveland!

Tone Bjørgum Haugetveit tok til som veterinær i kommunane Valle og Bykle i 2020, og har kontroll på det meste i fjosa frå Bjåen til Iveland.
 

Veterinæren har kontor på Øyne i Valle, og det er der ho tar imot dei som har eit eller anna dei treng hjelp til med hunden, katten eller andre smådyr.

- Elles er det sjølvsagt i fjosa rundt om i distriktet eg er mest. Så kan eg også kome på heimebesøk når det gjeld smådyr, men etter avtale og litt avhengig av kva det gjeld, seier ho.

Med i vaktordning

Utanom ordinær arbeidstid som er 08-16 inngår Tone Bjørgum Haugetveit i ei vaktordning med i alt fire veterinærar. Det er no etablert eit eige telefonnummer for vaktordninga: 900 44 036. Ringer ein det nummeret vil ein alltid kome til den veterinæren som er på vakt.

- Eg liker godt arbeidet mitt, med varierte dagar, arbeid både ute og inne, og med både store og små dyr, seier veterinær Tone Bjørgum Haugetveit.

 

Tekst henta frå Valle kommune sine heimesider.