Test av nødvarsel klokka 12 onsdag 10. juni

Onsdag 10. juni klokka 12 blir Nødvarsel på mobil og Sivilforsvaret sine varslingsanlegg testa over heile Noreg i ei felles nasjonal varslingsprøve.

Om testen

Det er politiet som sender ut testen av Nødvarsel på mobil. Sivilforsvaret testar samstundes tyfonane med signalet «Viktig melding – søk informasjon».

Varslingsprøva 10. juni blir gjennomført over heile landet rundt klokka 12. Det betyr at mobiltelefonar i heile landet vil vibrere og spele av eit høgt lydsignal, samstundes som tyfonane uler.

Del gjerne informasjon om varslingsprøva med dei næraste, slik at flest mogleg er førebudde og veit at dette berre er ein test.

Kven får testen?

Testen blir sendt ut over mobilnettet i heile landet. Alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar og einingar som er i Noreg og er kopla til 4G/5G, kan ta imot testen.

På nødvarsel.no finn du meir informasjon om kva for einingar som kan ta imot Nødvarsel.

Dersom du ikkje ønskjer å ta imot testen, må du setje telefonen i flymodus eller slå han heilt av i god tid før og etter klokka 12 den 10. juni. Lydlaus, låg lyd, dempa varsling og liknande blir overstyrt.

Kvifor teste?

Nødvarsel på mobil blir testa til heile befolkninga både for å gjere folk kjende med korleis det er å få eit Nødvarsel og for å sikre at systemet fungerer som det skal.

I ein reell situasjon inneheld eit nødvarsel informasjon om kva som skjer, og kva du bør gjere for å verne deg sjølv.

Test av tyfonane blir gjennomført for å avdekkje tekniske feil og for å gjere befolkninga kjend med lyden og signalet.

Signalet som blir testa på tyfonen under varslingsprøva, heiter «Viktig melding – søk informasjon» og består av tre seriar med tuting, med eitt minutts pause mellom kvar serie. Dersom du høyrer dette signalet, betyr det i praksis at du skal søkje informasjon.

Informasjon om kva som skjer og korleis du skal forhalde deg, blir gitt gjennom ulike kanalar, til dømes radio, TV og styresmaktene sine nettsider.

sivilforsvaret.no finn du meir informasjon om varslingsanlegga.