Stenging av matrikkel og grunnbok i desember

Kartverket informerer om stengetidspunkt for matrikkel og grunnbok i desember 2023 og konsekvensar av dette

Vedtakat om kommune- og fylkesendringane trer i kraft 1. januar 2024. For å få tilstrekkeleg tid til å handtere omlag 50 millionar endringar i matrikkel og grunnbok før årsskiftet, blir systema stengde for oppdatering nokre dagar i desember 2023.

Driftsmeldingar for matrikkel og grunnbok

Hald deg oppdatert ved å bruke desse to sidene for driftsmeldingar. Der blir det informert om status i endringsarbeidet:

Vi minner om datoane for stenging av matrikkel og grunnbok i desember 2023:

  • Matrikkelen blir stengt for all oppdatering i perioden 15. desember kl. 18:00 til utløpet av 1. januar 2024.
  • Grunnboken blir stengt for all oppdatering i perioden 29. desember kl. 20:00 til 1. januar 2024 kl. 12:00.


Data i matrikkel og grunnbok er tilgjengeleg i Kartverket sine innsynstenester heile den stengde perioden, men med data frå frysetidspunktet. Det gjeld matrikkel, grunnbok og visningstenesta Seeiendom.

Konsekvensar

  • Ingen matrikkelføring i nokon av kommunane i landet i den perioden matrikkelen er stengt. Dette betyr m.a. at eigedomsdanning, adressering eller bygningsregistrering ikkje kan bli utført.
  • Ingen elektronisk innsending av matrikkeldokument til tinglysing frå 15. desember 2023 kl. 18:00.
  • Ingen føring av konsesjon i matrikkelen frå 15. desember 2023 kl. 18:00. Om konsesjonsavklaring ikkje allereie er registrert i matrikkelen, må dette bli gjort på papir for eigedomar som skal bli tinglyste frå 15. desember og fram til nyttår. Kommunen kan godkjenne desse manuelt i denne perioden.
  • Konsesjonsavklaring må bli sendt inn til Kartverket i samme konvolutt som heimelsdokumentet. Behandling av konsesjon kan du lese meir om på Kartverket sine sider.
  • Ingen rapportar kan bli bestilt frå sentral matrikkel i perioden 15. desember kl. 18:00 til 2. januar 2024.
  • Papirdokument mottatt til tinglysing 29. desember før kl. 14:00 vil få prioritet 29. desember 2023 kl. 21:00.
  • Papirdokument mottatt til tinglysing 29. desember etter kl. 14:00 vil få prioritet 2. januar 2024 kl. 21:00.
  • Elektronisk tinglysing er stengt i perioden frå 29. desember kl. 20:00 til 1. januar 2024 kl. 12:00.
  • Altinn er stengt for innsending av dokument til tinglysing i samme tidsrom som elektronisk tinglysing er stengt.

Kvifor?

  • Sikre at kommune- og fylkesendringane blir ivaretatt i matrikkel og grunnbok frå 1. januar 2024.
  • Redusere risiko og sikre kvalitet for ca. 50 millionar dataendringar i matrikkel og grunnbok.
  • Redusere risiko ved digital flytting av litt over 2 millionar innbyggarar.
  • Sikre at andre aktørar får tid til å førebu sine system med data frå matrikkel og grunnbok.