PMR vedtok prioriteringane i møte d. 27.02.24.
Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
- Kulturlandskapstiltak blir gitt 50% tilskott for følgjande:
- Ivaretaking av biologisk mangfald og jordbrukets kulturlandskap, og som legg til rette for auka biologisk mangfald.
- Tilrettelegging for større tilgjengelegheit og oppleving i kulturlandskapet, og som held verdifulle område opne.
- Rydding av kulturlandskap og evnt. gjerdekostnadar
- Elektroniske bjøller med gjerdefunksjon.
- Alle andre tiltak som SMIL-føresegna famnar om: 10% tilskott av konstandsoverslaget på søknadstidspunktet.
- Søknadsfrist er 1.4.2024. Søknadar som kjem inn etter fristen blir behandla så lenge det er tilgong på midlar.
- Søknadane blir behandla administrativt. Rundskriv 2017/13 blir lagt til grunn for behandling av søknadane.
- Er potten tom, blir søknaden avslegen, men høver den til formåla, blir dei oppmoda om å søke neste år.
- Moglegheita til å søke på ordninga blir annonsert.
- Eit tiltak pr. føretak. Tiltaket må vere sluttført før ein kan søke om eit nytt tiltak.
Vedtaket er fatta med heimel i forskrift om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket.
Tiltak i beiteområde (OBB):
Prioritering av søkjarar:
- Søknadar frå beitelag før søknadar frå enkeltføretak
- Fellestiltak før enkelttiltak
Prioritering av tiltak:
- Førsteprioritering: Sanke- og skiljehagar, sperregjerde, ferister og bruker, elektronisk overvakingsutstyr.
- Andre prioritering: Driftevegar og gjetarhytter.
- Tredje prioritering. Saltsteinsautomatar.
Du finn søknadadsskjema og ytterlegare rettleiingar på Landbruksdirektoratet sine heimesider:
SMIL-midlar - Landbruksdirektoratet
OBB - Landbruksdirektoratet
Midlertidig kontaktperson for ordninga er Kjell Øyvind Berg, tlf 379 34 7 00