Sommarjobb for ungdommar i Bygland

Frivilligsentralen i Bygland Kommune ser etter ungdommar 16-20 år som har lyst til å jobbe med BUA-tilbodet og aktiviteter i regi av Bygland frivilligsentralen sommaren 2026. Søknadsfrist 23.03.2026

Bygland Frivilligsentral driv BUA Bygland. BUA er ei nasjonal ordning som låner ut utstyr til barn og unge. BUA Bygland låner ut gratis utstyr til alle slags aktivitetar, både sommar og vinter. Ved å opprette ein BUA-konto kan alle låne utstyr heilt gratis. I tillegg arrangerer BUA Bygland gratis aktivitetar for barn og unge. Vil du vite meir om BUA, finn du informasjon her: https://www.bua.no/utlansordninger/bua-bygland

Er du mellom 16 og 20 år og busett i Bygland? Vi søker no unge voksne/ungdommar til jobb på BUA sommeren 2025 i perioden uke 23 (frå 01.06) til uke 31. (oppstart vil vere avhengig av når du sluttar på skulen). Arbeidstida kan variere, nomalt 7,5 timer per dag, og  som regel frå kl. 10.00-17.30. Vi treng difor følgande:

  • Ein arbeidsleiar som er hovudansvarleg for drift av BUA i sommar.
  • Inntil fire ungdommar som skal vere aktivitetsansvarlege.

 

Alle får tilbod om å gjennomføre livredningsskurs som vert dekka av arbeidsgivar.

I søknaden ber vi deg oppgi kva stillingar du søkjer på. Skriv ein søknad der du skildrar deg sjølv, og kva du eventuelt tidlegare har hatt av sommarjobbar eller andre jobbar, samt kva du driv med på fritida. Det er fint om du også legg ved attestar og vitnemål.

Ser heile stillingsannonsen på Webcruiter:

Webcruiter

Sommarjobb på frivilligsentralen 2026 Bygland frivilligsentral