Slik får du ei el-sikker jol
Desember er ei tid for kos og hygge, og vi ønskjer alle ei trygg og god jolefeiring
Halvparten av bustadbrannane i Noreg skuldast tekniske feil eller feil bruk av elektriske installasjonar, inkludert joleljos.
For å sikre at du får ei trygg jolefeiring, har det blitt samla nokre nyttige råd om elsikkerheit i jola.
Bruk av skøyteleidning
- Unngå overdriven bruk av skøyteleidningar og seriekoplingar. Spesielt til apparat som brukar mykje straum. Overbelastning kan føre til overoppheiting og brann.
- Sørg for at skøyteleidningane er heile og fri for skadar.
- Bruk kun skøyteleidningar som er laga for utandørs bruk når du pyntar ute. Desse skal bli plugga inn i utekontakter som er montert av ein elektroinstallatør. Padder med mange stikkontakter kan også utgjere ei brannfelle. Ein tilrår difor å installere fleire stikkontakter på veggen.
Trygg bruk av joleljos
- Sjekk at alle joledekorasjonar er i god stand før bruk. Gamle eller skada joleljos kan kortslutte og kan vere årsak til brann.
- Bruk kun ljos og skøyteleidningar som er godkjent for utansdørs bruk når du pyntar ute.
- La aldri leidningan gå over dørterskelen eller gjennom vindauga, der den kan kome i klem eller bli skada.
- LED-ljos brukar mindre straum og varer lenger. Dei blir også mindre varme enn tradisjonelle ljospærer. Då blir det mindre sjanse for at noko skal ta fyr. Har du gamle joleljos, kan det vere ein god idé å bytte til LED-ljos.
- Det er viktig at ein sjekkar at joleljosa er CE-merka. Det viser at produktet er testa etter gjeldande krav. Utandørs joleljos skal vere merka med høg IP-kode, til dømes 55 eller høgare.
- Slå av joleljos når du forlet huset eller går til sengs. Dette gjeld særleg ved bruk av innandørs ljos. Ljoslenker har mange små lamper, og om ei eller fleire lamper sluttar å virke, vil resten lyse med auka styrke. Lampene kan då bli for varme og føre til at jolepynt eller anna brennbart materiale i nærleiken tar fyr.
Generelle tips
- Sørg for at røykvarslarane fungerer og bytt batteri regelmessig, spesielt før jolehøgtida.
- Ver til stades og vaken når du bruker elektriske apparat.
- Ikkje lad mobiltelefon eller andre elektriske apparat om natta.
- Bruk komfyrvakt for å unngå tørrkoking og brann på kjøkkenet.
Du kan finne meir informasjon om elsikkerheit i jola på elsikkerhetsportalen.no.
Tekst henta frå www.glitrenett.no
Publisert 05.12.2024 09:14
Sist endra 05.12.2024 09:15