Skuleval Bygland ungdomsskule 05.09.25

Elevane  ved Bygland ungdomsskule gjennomførte skuleval 2025 med klar resultat.

Skuleval 2025

 

Fredag 5. september hadde elevane ved Bygland ungdomsskule skuleval. Dette vart gjennomført på same måten som eit vanleg val. 

Elevar frå elevrådet var valmedarbeidarar og sørgde for at det formelle var i orden med stempling av røystesetlar, og føring av manntalet. Dei same elevane var og med som teljekorps. 

Rektor Lene Fjerdingstad var valobservatør. 

33 røyster vart registrert og talde opp. Noko som utgjer 94% av dei røysteføre ved ungdomsskulen. 

Som ein ser, vart Frp valets store vinnar, same trenden som ein såg ved skulevalet for vgs tidlegare i denne veka.