Skjerpa krav til eigenberedskap

Regjeringa skjerpar eigenberedskapskrava: no må vi vere førebudd på å klare os sjølve i sju dagar i ein krisesituasjon

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) tilrår at flest mogleg er førebudde å klare seg sjølv i ei veke ved kriser. Det er på grunn av at kommunar, naudetatar og frivillige organisasjonar må prioritere dei som ikkje klarar seg utan hjelp.

Det som ligg bak krava er å hjelpe folk til å dekke dei mest grunnleggande behova i ei krise. Det gjeld særleg varme og ljos, mat og vatn, informasjon, legemidlar og hygiene

Les meir om dette på www.sikkerhverdag.no

Foto: Ivar Kvaal/DSB