Hold Norge Rent mobiliserer kvart år tusenvis frivillige ryddarar til nasjonale ryddeaksjonar. Frivillige som registrerer søppelet dei finn, er med på å bidra til folkeforskning som kan gi kommunar eit unikt innblikk i sitt lokale forsøplingsproblem.
Dei oppmodar difor kommunen sine frivillige ryddarar til å registrere funn og ryddeaksjonar på ryddenorge.no.
Datoane for dei nasjonale ryddedagane i år er:
- 22. mars er vårryddedagen
- 08. - 10. mai er byryddedagane
- 12. - 21. september er strandryddeveka
Hugs:
Ryddeaktiviteten på våren må ta omsyn til fuglane si hekketid. Hold Norge Rent oppmodar difor alle til å rydde før fuglane kjem eller etter at dei har reist.
Les meir om dei nasjonale ryddeaksjonane her