Pårørandeskule 2025Pårørandeskulen er eit gratis kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær ven som har minneproblem eller ein kjend demenssjukdom. Hukommelsesteamet arrangerar kurs kvar haust. No er datoar og tema for årets pårørandeskule bestemt. Det blir kurs fire tysdagar i oktober 2025, 7/10, 14/10, 21/10 og 28/10.
Meld deg på til koordinator i minneteamet, Signe Telhaug, på telefon 945 20 970.
Påmeldingsfrist: 1. oktober 2025.
Program for pårørandeskulen 2025
7. oktober:
Dei ulike demenssjukdomane
Hallvard Mosdøl
Utfordrande adferd
Bjørn Harald Hagen
14. oktober:
Praktiske utfordringar i kvardagen - tekniske hjelpemiddel
Elisabeth Storsveen
Brannsikkerhet for risikoutsatte grupper - kva vi som pårørande bør ha fokus på og kan hjelpe med
Setesdal brannvesen IKS v/ Ole A. Pettersen
21. oktober:
Kommunikasjon og samhandling
Monica Reiersølmoen Vigre
Bruk av musikk i demensomsorgen. Aktivitetar vi kan gjere saman.
Katrine Homdrum
28. oktober:
Ein pårørande fortel
Siren Bakke Winjor
Tilbud i kommunen. Korleis søke om hjelp?
Britt Enny Haugland
Kva er pårørandeskulen?
Pårørandeskulen er eit gratis kurstilbod for deg som har eit familiemedlem eller ein nær ven med hukommelsesproblem eller kjend demessjukdom. Personen kan bu heime eller på institusjon.
Gjennom faglege førelesinger og gruppesamtalar vil du få kunnskap om demens, og innsikt i kva for følgjer sjukdomen kan ha for personen med demens, deg som pårørande og øvrig familie.
Du treff andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.
Kva inneheld kurset?
Kurset tek opp følgjande tema:
- demenssjukdomane
- utfordrande adferd
- praktiske utfordringer i kvardagen
- tekniske hjelpemiddel
- brannsikkerheit
- tilbod i kommunen
- korleis søkje om hjelp
- kommunikasjon og samhandling
- bruk av musikk i demensomsorgen
- aktiviteter vi kan gjere saman
- ein pårørande sin historie
- høyrsle og demens
Praktiske opplysninger
Tid: Dato for årets pårørandeskule 2025 blir følgjande tysdagar: 7/10, 14/10, 21/10 og 28/10.
Stad: Ein møtar opp fysisk anten i Bykle helsehus eller i LMT Setesdal sine lokaler i sentrumsbygget på Evje. Om du ikkje har moglegheit til å delta fysisk, vil vi legge til rette for at du kan følgje kurset digitalt.
Omfang: Det blir i alt fire kurskveldar. Kursa varer frå kl. 18-21.
Servering: Det blir servert mat og kaffi.
Målsettinga til pårørandeskulen
- Gje pårørande auka kunnskap om demenssjukdomar.
- Gje innsikt i metodar for kommunikasjon og samhandling med personar med demens.
- Bidra til at pårørande får betre kjennskap til rettigheiter og aktuelle lover, og korleis ein får kontakt med hjelpeapparatet.
- Tilby støtte gjennom å møte andre pårørande som er i same situasjon.
På pårørandeskulen vektlegg vi openheit i trygge omgjevnader. Private opplysningar som kjem fram, skal forbli mellom deltakarane.
Kontaktperson i din kommune
- Bykle: Annette Trydal, tlf. 916 41 495.
- Valle: Gerd Torhild Helle Aakhus, tlf. 970 82 893.
- Bygland: Kenneth Fyhn, tlf. 902 25 503.
- Evje og Hornnes: Bjørn Harald Hagen, tlf. 909 17 835.
- Åseral: Allis Austegard, tlf. 958 70 647.
Har du spørsmål?
Hukommelsesteamet - Koordinator
Telefon 94 52 09 70
Signe Telhaug - Kreftkoordinator og koordinator for Hukommelsesteamet
E-post Send e-post
Telefon 90 01 67 82