Bygland kommune gleder seg til å ønskje velkomen tre nye fagkundige medarbeidare i kommunalområde Oppvekt og kultur, i kommunalområde Organisasjon og HR, og i kommunalområde Helse og Omsorg, avdeling Open omsorg.
Marit Jaabæk Brokke
privat
Ny kommunalsjef for oppvekst og kultur
Marit Jaabæk Brokke, 52 år frå Brokke. Marit har over 25 års erfaring i skuleverket – som lærar, rektor og rådgivar – ho har utvikla eit sterkt engasjement for heilskapeleg tenking og kvalitetsutvikling for god opplæring og gode oppvekstvilkår.
Som rektor i Valle kommune har ho i ti år leia både grunnskule og vaksenopplæring, og vore sentral i utviklinga av profesjonsfellesskapet, digitalisering og tverrfagleg samarbeid.
Marit Brokke har erfaring med strategisk leiing, personalansvar, økonomistyring og utviklingsarbeid, og har mellom anna leia arbeidet med "Heilskapleg plan for oppvekst" i Valle kommune.
I vaksen alder gjennomførte ho ein mastergrad i leiing med spesialisering i skuleleiing, og har seinare supplert med vidareutdanning innan leiing av profesjonsfellesskap og digitalisering.
Ny kommunalsjef for Organisasjon og HR
Jahn-Tore Fjeldstad
privat
Jahn-Tore Fjeldstad, 49 år opprinneleg frå Tromsø, bosatt no i Kristiansand. Kjem fra stillinga som NAV-ombud i AGDER. Jahn-Tore har erfaring frå stillingar som HR-rådgjevar i Risør kommune, Agder politi distrikt, Sørlandet sykehus og Tromsø kommune. Fjeldstad har opparbeida brei erfaring med leiarstøtte, rekruttering, sjukefråværsoppfølging og håndtering av komplekse personalsaker, i tillegg til omstillingsprosesser, blant annet i Risør kommune.
I tillegg har han erfaring frå prosjekt- og systemarbeid. Fjeldstad har cand.polit.-grad i statsvitenskap med spesialisering i organisasjonsteori, og tilleggsfag innan arbeidsrett, prosjektstyring og rekruttering.
Ny avdelingsleiar Open omsorg
Kristina Ose
privat
Kristina Ose, 45 år frå Byglandsfjord. Kjem frå stilling som resepsjonssjef på Hotell Revsnes, før det var hun avdelingsleiar i 2 år i Bygland kommune, både vikariat og fast. Ose er utdannet sjukepleier og barne- og ungdomsarbeider.