Ny turveg på Byglandsfjord
I dei kommande vekene vil kommunen jobbe aktivt for å realisere prosjektet “Turveg på Byglandsfjord”. Prosjektet skal etablere ein belyst og framkommeleg turveg langs fjorden frå Byglandsfjord brannstasjonen heilt til brua til Vassendøya. Langs løypa skal det også leggjast tilrette for aktivitets- og møteplassar.
Ny saksbehandlar i Bygland kommune, Samfunn, Vemund Gulbrandsen, vil saman med prosjektleiar frå Prosjekthuset AS, Tone Wikeland, ta kontakt med diverse brukargrupper dei kommande vekene. Me har som mål at alle som ønskjer kan dele idear slik at resultatet blir best mogleg.