No kan du melde om feil på gateljos
No på hausten er det viktig at gateljos fungerer! Vi har tilgong til eit system der du sjølv kan melde feil på gateljos, elektronisk.
Haustmørket har senka seg, og av og til ser vi at det er gateljos som ikkje fungerer som dei skal.
No kan du melde frå til oss om feil på gateljos.
Slik gjer du det:
- Følg lenka til feilmeldingssystemet vårt. (Du finn den same lenka att på heimesida under “Aktuelle saker”, oppe til venstre på sida).
- Søk på adresse, eller finn gateljoset i kartet som kjem opp.
- Klikk på det aktuelle gateljoset (det er dei gule punkta på kartet)
- Fyll inn nødvendig informasjon i skjemaet.
- Send inn skjemaet
Kva skjer etter at du har sendt inn skjemaet?
Driftsleiar melder vidare til firmaet som reparerer gateljos, og feilen vil bli retta neste gong bilen kjem oppover Setesdal. Det er altså viktig å merke seg at det kan ta litt tid før feilen blir retta.
Publisert 25.10.2024 12:36
Sist endra 25.10.2024 12:37