Klipp hekken før skulestart!

Du visste det kanskje ikkje, men å klippe hekken er ei lovpålagd oppgåve. Å sørge for fri sikt er så viktig at ansvarsforholdet er nedfelt i Vegloven §31 og §43. 

Det er du som bur ved vegen som er ansvarleg for å klippe hekkar og buskar på eigedomen din, slik at vegetasjonen ikkje skapar trafikkfarlege situasjonar. Det skal vere god sikt ved vegkryss og ved avkøyrslar.

Høge buskar ved avkøyrslar, eller store greiner som heng ut i vegkryss, kan gjere trafikkbiletet svært uoversikteleg og skape trafikkfarlege situasjonar for bilistar, syklistar og gåande. Trafikantane mister ikkje bare sikt, men kan og gå glipp av viktig informasjon langs vegen.

Bare ein halvmeter er lov

Reglane er klare: Når du står tre meter inn i avkøyrselen din, skal du ha minst 30 meter fri sikt i kvar retning langs gang- og sykkelvegen. Hekk og gjerde skal heller ikkje vere høgare enn 50 cm ved avkøyrselen. Om avkøyrselen munnar ut i ein veg med fartsgrense 50 km/t, må det vere fri sikt inn og 45 meter til kvar side når du står inne i avkøyrselen din, ifølgje Statens vegvesen. Dette finn du og i ein brosjyre om temaet som ligg ute på SVV sine nettsider: Klipp hekkar og buskar. Mange er nok ikkje klar over dette, sjølv om det gjeld mange i vårt distrikt.

Gå eller sykle til skolen

Trygg Trafikk ønskjer at flest mogleg skal kunne gå eller sykle til skolen - der det er mogleg. Då må vi legge til rette for at det kan skje på ein sikker måte. Å klippe hekken er eit enkelt tiltak. Barn må vere synlege langs alle vegar, og det er vårt felles ansvar.

Små barn på skolevegen blir lett usynlege bak store hekkar og buskar. Dette kan føre til farlege situasjonar i trafikken. Trygg Trafikk oppmodar difor alle til å ta ansvar og klippe hekkane sine, og med det bidra til ein tryggare og oversiktleg skoleveg for barna våre.

Elen Regine Lauvhjell - Trygg Trafikk Agder.