Informasjon ved Rittleder CLT2026, Martin Ugland:
Sykkelrittet Colorlinetour 2026 finn i år stad laurdag 30 mai. Rittet følgjer den tradisjonelle traseen langs RV9 frå Kristiansand hamn til Hovden. Dei første syklistane startar frå Hampa kl. 0500 – siste pulje ut ca. kl. 0900. Me forventar ca. 1000 deltakarar pluss (1030 pr i dag) fordelt på rundt 50 puljar.
Talet kan bli så høgt som 1200 basert på påmelding dei siste vekene før rittet dei førre åra. Siste deltakar vil passere kommunegrensa mot Valle rundt kl. 1200.
Løyve frå Agder politidistrikt og Statens vegvesen er innhenta og i orden, og me disponerer vegen etter reglement for tur- og trimritt. Det vil seie at syklistane skal følgje ordinære trafikkreglar og liggje i sin (høgre) køyrebane.
Det vil vere vakter/trafikkdirigentar langs løypa og det vil også vere enkelte omkøyringar/stenging av vegar for bilistar. Avgjerda om dette er teke av politi/SVV.
For Bygland kommune sin del fører dette til følgjande trafikkendringar:
- Det vil bli omkøyring frå Byglandsfjord og nordover via Senum og FV3778 som før. Trafikken vil bli leidd inn her frå rundkøyringa før Byglandsfjord sentrum. Her blir det også ei fast politivakt i perioden 0800 – 1200. Annan info om trafikk – sjå colorlinetour.no.
- Det vil vere matstasjon på den sjølvbetente bensinstasjonen på Bygland som før.
- Syklistane vil bli leidde inn på FV3804 forbi Åraksbø til Ose. På Sandnes Søndre vil FV3804 vere stengd med skilt 302 (innkøyring forbodne) sørover mot RV9 i perioden kl. 0900 – 1200. På Ose vil FV3804/3806 vere stengde med skilt 302 for biltrafikk sørover i ein periode fram til siste syklist har passert Ose bru. Det vil vere trafikkdirigentar/løypevakter og skilting der det er behov.
- Matstasjonen blir betent av dugnadsfolk frå Bygland IL, det same gjeld i hovudsak også løypevakter/trafikkdirigentar. Dei er lokale.
- Politiet vurderer kor lenge vaktene skal stå og når trafikken igjen kan gå ordinært langs RV9/fylkesvegar som er ramma. Politiet er til stades med 2 uniformerte MC patruljar heile dagen – desse er mobile og ikkje stadslokaliserte.
- Følgjande trafikk er friteke frå omkøyringa: Tunge køyretøy (lastebilar – semitrailerar og turbussar på grunn av smal veg på vestsida av fjorden) – ordinær rutebuss – tilsette i heimetenestene i kommunen – tilsette i annan funksjon i kommunen (mannskapa til brannvesenet i eigne bilar) – bebuarar langs traseen vurderte av lokale vaktar. Alle desse vil bli informerte etter stopp ved omkøyringspunktet.