Frå farmarliv og hardingfele i USA til kulturskulelærarjobb i Unesco-kommunane!

Maija Lindaas startar som kulturskulelærar i folkemusikk etter sommarferien. Den nytilsette læraren har ei bachelorgrad i matematikk, og har dessutan studert geologi. På Rauland tok ho eit årsstudium i folkemusikk. Som i utdanninga er mangfald den beste måten å beskrive yrkeslivet hennar til no. Ho har jobba som trebåtdekksmann, som bonde i Maine, USA, der ho var sertifisert økologisk kvitlauks- og grønsaksbonde og dreiv gard med ulike dyr, ho har vore geitebudeie, kafévert, musikar og i tillegg lærar. Det siste på Åmot skule.

Mange sjangrar

Innan det utøvande har Lindaas drive med byggjeteknikk, bygd langeleik, spelt harpe, hardingfele, redigert film, halde på med veving og fiberkunst, pilefletting og seljefløyter.
– Så har ho sunge mykje i kor og solo og drive med kveding. Harpe er hovudinstrumentet hennar, men ho har spelt hardingfele og dansa folkedans i ni år. Mest teledans, men også gangar, seier leiar kultur i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg.

Fargo Spelemannslag

Maija Lindaas etablerte i 2016 Fargo Spelemannslag i USA, eit lag som framleis er aktivt med meir enn 12 spelemenn og felemakarar. Ho brenn for folkemusikk, og har jobba mykje med born og unge.

– Nettopp dette allsidige er noko av det me er ute etter. No får me eit spennande innpust i heile Unesco- og kulturskulesatsinga, og me ser veldig fram til samarbeidet, seier Nyberg.
Maija Lindaas tar til i stillinga 1. august. No er ho i gang med å finne bustad. Draumen er eit småbruk, så i første omgang ser ho seg om etter noko ho kan leige.
 

Tekst: Ole Birger Lien