Fokus på natur på årets Topplederforum for Klimapartnere

Torsdag 25. januar 2024 samla Topplederforum, i regi av Klimapartnere Agder, over 80 deltakarar frå partnerverksemdene i Agder

Foto: Klimapartnere Agder

Tekst henta frå Evje og Hornnes kommune.

I år var det tre deltakarar frå Setesdal. 

Frå venstre: Magnus Berg frå Valle, Even Simensen frå Bygland og Siv Therese Kile Lie frå Evje og Hornnes.

Fokus i år: Natur

Forumet hadde i år fokus på natur, og det blei ein formiddag fylt med gode innlegg og diskusjonar. Alexander Haneng frå NHO gjekk gjennom kva reguleringar frå EU som påverker oss no og som vil påverke oss framover, medan Espen Evensen Reinfjord frå AsplanViak presenterte verktøy som kommune, og andre, kan bruke i arbeidet med å versette natur slik at vi kan ta gode avgjersler i framtida.

Om Klimapartnere

Klimapartnere er eit offentleg-privat samarbeid som:

  • formidlar klimakunnskap
  • utviklar og fremjer grønne forretningsidear
  • skapar møteplassar for klimadebatt
  • samhandlar regionalt, nasjonalt og internasjonalt


Slike nettverk hjelper oss i kommunen til å vere betre rusta til å møte klimautfordringane og krava i framtida til lågutsleppsamfunnet.

Vil du vite meir om Klimapartnere i Agder?

Les meir om dei på nettsida deira