Ferieavvikling på Evje og Bygland legesenter

Legesenteret har redusert drift i sommar på grunn av ferieavvikling. Avdeling Evje er ope kvardagar frå kl.  08:00 - 15:00. Avdeling Bygland er stengd frå 15. juli til 9. august.

Det er ikkje mogleg for pasientar sjølve å bestille resept eller e-konsultasjon digitalt via Helsenorge.no under ferieavviklinga. Ta kontakt med hjelpepersonellet på legesenteret via e-kontakt eller telefon, så hjelper dei deg med dette.

Frå 12. august vil dei fleste tenester vere opne att.

PS: ordinære årskontrollar blir normalt ikkje gjennomført under ferieavviklinga.

Om du vil lese meir om legesenteret, kan du gjere det på heimesidene til Evje og Hornnes kommune

Vi ønskjer alle ein fin sommar!