Om stillingen
Bygland kommune har behov for ferievikarar til eining for helse og omsorg sommaren 2026, vi søkjer dyktige og pliktoppfyllande sommarvikarar til:
- Byglandsheimen (sjukeheim)
- Open omsorg (heimebaserte tenester)
- Psykiatribustader og habilitering
- Kjøkken
- Heimehjelp (praktisk bistand)
Kjerneperiode
- 15. juni 2026 – 9. august 2026
- Det kan vere mogleg å starte tidlegare for nokre, og arbeide lenger for andre.
Stillingsstorleik
- Vil variere etter behov, men for dei fleste ligg han mellom 20 % og 100 %.
- Opplys i søknaden kva stillingsprosent du ønskjer.
- Bygland kommune ønskjer å leggje til rette for ein forutsigbar turnus og ein heiltidskultur.
- Søkjarar som kan jobbe heile sommerperioden vil bli prioritert først.
Alle over 17 år med interesse for fagfeltet kan søkje.
- Søkjarar til open omsorg (heimebaserte tenester) må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil.
Sjuke-/vernepleiar-/legestudentar som er ferdige med studiane tidlegare enn kjerneperioden bes om å ta direkte kontakt med oss.
Før tilsetjing må det framleggjast gyldig politiattest, jf. Helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om at søknaden får fritak frå offentlegheit. Søkjarar vil varslast dersom oppmodinga ikkje kan imøtekommast (jf. Offentleglova § 25).
Søk stillinga via Webcruiter