Digitalt kurs frå Norsk Landbruksrådgiving: Nye krav til gjødseljournal

Frå og med vekstsesongen 2026 vert det krav om at alle som gjødslar, fører gjødseljournal. For å hjelpe landbruksnæringa med førebuingar til dei nye krava, tilbyr Norsk Landbruksrådgiving SA (NLR) digitale kurs i gjødseljournalføring.

Kurset «Slik fører du gjødseljournal» gir deltakarane:

  • oversikt over krava i ny gjødselbruksforskrift
  • ei praktisk gjennomgang av kva gjødseljournalen skal innehalde
  • rettleiing i både digital og manuell journalføring
  • tilgang til ferdig gjødseljournalmal som kan nyttast i eiga drift

Kurset vert gjennomført digitalt på Teams, og det er mogleg å velje mellom fleire tidspunkt:

Tid:

  • Onsdag 15. april kl. 11.00–12.30
    eller
  • Torsdag 16. april kl. 20.00–21.30

Kurset er relevant for alle som nyttar mineralgjødsel og/eller husdyrgjødsel, og som ønskjer å sikre korrekt dokumentasjon i tråd med gjeldande regelverk.

For meir informasjon og påmelding, sjå nettsidene til Norsk Landbruksrådgiving.

Gjødsling (K2) | Norsk Landbruksrådgiving

 

Vi har tidlegare informert om tematikken her på heimesida.

Sjå innlegget: Nye krav til gjødslingsplan og gjødseljournal frå 2026