Nye krav til gjødslingsplan og gjødseljournal frå 2026

Frå 1. januar 2026 gjeld nye og strengare krav til både gjødslingsplan og gjødseljournal. 

Alle som brukar gjødsel, også dei som berre gjødslar små areal eller som ikkje har krav om gjødslingsplan, må no føre gjødseljournal. Samstundes er tidlegare fritak fjerna, og det blir innført nye grenser for fosforgjødsling.

Kva betyr dette for deg som bonde?

Alle som brukar gjødsel skal føre ei journal som dokumenterer:

  • tidspunkt og stad for gjødsling
  • type og mengd gjødsel
  • tilført nitrogen (N) og fosfor (P) per skifte
  • total mengd N og P
  • dokumentasjon ved levering eller mottak av husdyrgjødsel over 75 kg P/år

Journalen skal vere klar for kontroll seinast 1. november kvart år.

Du må ha gjødslingsplan dersom:

  • du gjødslar meir enn 25 dekar, eller
  • du dyrkar potet eller grønsaker med sterk fosforgjødsling på meir enn 5 dekar

Kravet gjeld uavhengig av tal dyr og driftsomfang.

Krav til jordprøver

Jordprøver må ikkje vere eldre enn:

  • 8 år i dei fleste tilfelle
  • 4 år ved potet, grønsaker eller balansegjødsling
  • 2 år ved bruk av avløpsslam

Nye grenser for fosforgjødsling

Det blir ei gradvis innstramming i maksimal fosforgjødsling fram mot 2033. Til dømes:

  • 3,5 kg P/daa til og med 2026
  • 2,3 kg P/daa frå 2033

NLR tilbyr kurs i føring av gjødseljournal

NLR tilbyr eit praktisk kurs der du lærer:

  • kva gjødseljournalen skal innehalde
  • korleis du fører journal digitalt og analogt
  • korleis den nye forskrifta fungerer
  • korleis du nyttar NLR si Excel-mal (inkludert i kurset)

Kurshaldar: Åsmund Langeland, nasjonal ressurs på gjødslingsplanlegging i NLR
Pris: kr 600,- + mva
Medlemspris: 50 % rabatt for NLR-medlemmer

Tidspunkt:

9. april kl. 20.00–21.30

15.april kl. 11.00–12.30

Påmelding:  Slik fører du gjødseljournal | Norsk Landbruksrådgiving