Budsjett 2026 og handlings- og økonomiplan 2026-2029 – kommunedirektøren sitt forslag

Kommunedirektøren legg no fram framlegg til budsjett for 2026 og økonomiplan for perioden 2026–2029. Dokumentet byggjer på gjeldande økonomiplan og oppdatert informasjon frå statsbudsjettet, kombinert med nye vurderingar av Bygland kommune sine eigne føresetnader.

Verda rundt oss er prega av uro, krig og økonomisk uvisse. Dette påverkar også kommunane. Høgare prisar, renter og driftskostnader gjer at mange kommunar no opplever press på økonomien. For små distriktskommunar som Bygland, med avgrensa arbeidsmarknad og svingande kraftinntekter, er dette ekstra krevjande.

For 2026 legg kommunedirektøren fram eit budsjett som ikkje er i balanse. Utgiftene aukar meir enn inntektene, og det vil krevje både omstilling og klare prioriteringar i åra som kjem. Omstillinga handlar om å bruke ressursane klokt og målretta – og om å velje kva som er viktigast for innbyggjarane våre.

Sjølv om økonomien er stram, har kommunen eit godt utgangspunkt. Gjennom program som Bygg Bygland og levekårssatsinga blir det arbeidd målretta for å styrke både tenestene og lokalsamfunnet. Bygland har dyktige medarbeidarar og ei organisering som gir grunnlag for vidare utvikling, sjølv i ei tid med krevjande rammevilkår.

Målet er at Bygland også i framtida skal vere ein trygg, inkluderande og berekraftig kommune – der det er rom for både vekst og trivsel.

I dei neste avsnitta står det i korte trekk om budsjett for 2026 og økonomiplan for 2026-2029. 
Les heile budsjettframlegget og handlings- og økonomiplanen her (ekstern lenke)

Eit driftsbudsjett i ubalanse – stor reduksjon i utbytte, framleis høge utgifter

I 2026 er det budsjettert med bruk av ordinært disposisjonsfond på 4,4 mill. Dette vil seie at kommunen sin økonomi er i ubalanse, og ikkje berekraftig, trass i at inntektene framleis er relativt høge. Allereie i 2026 er det føreslege store rammekutt, både i Oppvekst og kultur og Helse og omsorg, kor kutta er på 1,5 mill. i kvart område. Kommunen har med andre ord ein stor jobb å gjere, berre med å få budsjettrammene ned på nivået som er budsjettert med. Nasjonale statistikkar viser uansett at kommunen har eit generelt høgt kostnadsnivå. Til dømes Kommunebarometeret 2025 plasserer kommunen på ein 340. plass av dei 357 kommunane i Noreg når det gjeld kategorien kostnadsnivå. Kommunen har høge inntekter i forhold til landsgjennomsnittet, men ikkje høge nok til å forsvare det driftsnivået som er no.

Den allereie varsla reduksjonen i utbytte frå Å Energi, er den enkeltfaktoren som svekker totalramma for kommunen mest frå 2025 til 2026. Her er det snakk om ein reduksjon på nesten 10 mill. På utgiftssida er det barnevernsutgiftene som skil seg mest ut i negativ retning, både i form av stor auke og generelt veldig høge utgifter. Enkeltsaker kan få stort utslag innanfor dette området, og f.eks. ein plassering på institusjon kostar kommunen om lag 2,5 mill. Barnevernsbudsjettet er på dryge 9,7 mill. i 2026, og også i denne summen ligg det ein viss usikkerheit for at det kan bli endå meir. Kommunen har høgast barnevernsutgifter per innbyggjar 0-24 år av alle kommunane i Agder, og er på 330. plass i Kommunebarometeret på kostnadsnivå innanfor barnevern.

Store rammekutt i heile perioden 2026-2029

Oppvekstsektoren hadde ei veldig stor auke i budsjettet frå 2024 til 2025, heile 23 % når kostnadsveksten var rundt 4 %. Etter det blei kjend at utbyttet frå Å Energi ville gå kraftig ned i 2026, har sektoren klart å redusere med litt over to årsverk, trass i at barnehagane har hatt behov for å auke årsverka grunna fleire barn, og for å følgje bemanningsnorma. Det er likevel framleis ein stor jobb å gjere for å få sektoren ned på eit berekraftig utgiftsnivå. Kommunebarometeret viser at spesielt grunnskulen har eit høgt kostnadsnivå samanlikna andre kommunar. Kommunen hamnar på 338. plass når det gjeld kostnadsnivå i grunnskulesektoren.

Helse- og omsorgssektoren har ikkje fått redusert utgiftene i løpet av 2025, snarare tvert i mot har det vist seg at utgiftene, reelt sett, er høgare enn ein budsjetterte med. Spesielt pleie- og omsorgsdelen av sektoren har høge utgifter, i følgje Kommunebarometeret, som plasserer kommunen på 312. plass når det gjeld kostnadsnivå innanfor pleie og omsorg. Det skal seiast at kommunen derimot ligg lågt på kostnadsnivå når det gjeld helsedelen av sektoren, her er den faktisk på delt 1. plass. Pleie- og omsorgsdelen har hatt ei auke på om lag eitt årsverk årleg sidan 2020. Med pensjon og arbeidsgivaravgift tilsvarar ei 100 % stilling om lag kr 700.000-800.000. 

Basert på at begge sektorane har eit høgt netto utgiftsnivå samanlikna med landsgjennomsnittet, og at ein ser at det har vore ei betydeleg auke i årsverk berre dei siste åra, er det ikkje urealistisk at sektorane kan kutte betydelege summar, men det vil uansett bli veldig krevjande. Det er lagt inn følgjande rammekutt for økonomiplanperioden:

Rammekutt i mill. kr

2026

2027

2028

2029

Oppvekst

1,5

2

2

2

Helse og omsorg

1,5

2

2

2

 

Høgt investeringsnivå, spesielt innanfor veg og avløp

Per 01.01.25 er kommunen si langsiktige gjeld 69 % av driftsinntektene, under måltalet som er maks 75 %. For 2026-2029 er det lagt opp til fleire store og nødvendige investeringar som gjer at nøkkeltalet for gjeld aukar til om lag 83 %, ekskl. startlån, altså over måltalet. Det største prosjektet gjeld oppgradering av avløpsnett på Byglandsfjord, som er budsjettert med nesten 11 mill. totalt i perioden, men, som for alle andre prosjekt, prøver ein å budsjettere med eit “worst case”-scenario, så det er håp om både dette prosjektet og andre prosjekt kan bli noko billigare enn budsjettert. F.eks. det nemnte prosjektet på Byglandsfjord er også eit av mange prosjekt som skal prosjekterast først, før ein veit meir nøyaktig kor mykje ein må setje av i budsjett. For ein del prosjekt er det lagt inn anslag sjølv om ein ikkje har prosjektert, rett og slett for å gi ein pekepinn på investeringsutgiftene som kjem i framtida.

Oppgradering av kommunale vegar er lagt inn med 5,8 mill. over fire år. Sandnesvegen er først ut. I tillegg så ligg det inne årlege summar til rehabilitering av kommunale bruer frå 2027 til 2029. Andre større prosjekt er bruksendring og oppgradering av Pakkbua (3 mill. totalt, prosjektet er under prosjektering), turveg på Byglandsfjord (3 mill. totalt, prosjektet er under planlegging) og gjere tomtene i Fjellvegen på Byglandsfjord byggeklare (1,5 mill., utsett til 2028).

Uansett så er ikkje dette investeringsnivået berekraftig på det nivået det ligg på nå, så ein må prioritere hardt også innanfor investeringsbudsjettet i åra som kjem, og, viss mogleg, redusere utgiftene her også.