Kommuneoverlegen i Bygland kommune, Eirik Hatterud, har fått meldingar om badekløe etter bading ved Tangen badeplass, ved utløpet av Kvålsåna.
Badekløe, også kalla symjekløe (cerkariedermatitt), er ein ufarleg, men plagsam hudreaksjon som oppstår når mikroskopiske parasittar trengjer inn i huda på menneske.
Symptoma oppstår som regel kort tid etter bading, og viser seg som intens kløe, raudt utslett og små blemmer – særleg på hudområde som ikkje har vore dekt av badetøy.
Symptoma på badekløe, som kløe og utslett, vil vanlegvis forsvinna av seg sjølv i løpet av 1–2 veker. Tilstanden er ikkje smittsam.
Kommuneoverlegen frårår bading i éi veke.
Som eit føre-var-tiltak frårår kommuneoverlegen i Bygland bading ved Tangen badeplass i éi veke. Risikoen for badekløe er særleg høg i grunt, stille og varmt vatn, spesielt når det er mykje fuglar i området – slik det er ved Kvålsåni.
Korleis lindra kløen?
• Kløen kan dempast med reseptfrie antihistamin/allergimedisinar.
• Kløestillande salver eller kjølande kremar kan også hjelpa
• Kontakt lækja ved svært plagsame symptom eller teikn til hudinfeksjon
Kan vatnet blir analysert?
Det finst i dag ingen rutineprøver som kan påvisa parasittane som forårsakar badekløe. Sjølv om vatnet kan testast for bakteriar og generell hygienisk kvalitet, gir dette ingen informasjon om risikoen for badekløe. Diagnosen blir derfor stilt ut frå symptom og badesituasjon, i tråd med tilrådingane frå Folkehelseinstituttet.
Bygland kommune set opp varselskilt ved Tangen og følgjer situasjonen fortløpande.
Les meir om symjekløe på FHI.no.