Samanslåing av eigedomKva er samanslåing av eigedom?Om ein eigedom har like eigarar og like heftelsar kan ein utføre samanslåing, men samanslåing kan ikkje bli utført dersom det fører til prioritetskollisjon mellom pantehavar. Det er heimelshavar sitt ansvar å rette opp i dette før utføring av samanslåing. Ta eventuelt kontakt med tinglysinga hjå Kartverket , tlf: 32 11 88 00 om du har spørsmål om prioritetskollisjon og heftelsar.Vilkår for samanslåingEigedomane må ligge i same kommune.Eigedomane må ha same tinglyste heimelshavar (eigar).Samanslåing kan ikkje bli utført dersom det vil føre til prioritetskollisjon mellom eigedomane (ulike tinglyste pengeheftelsar). I dei tilfella må ein rydde opp i heftelsane før ein kan utføre samanslåing.Korleis søke om samanslåingDu søker om samanslåing av eigedomar ved å fylle ut skjemaet; Krav om samanslåing av tinglyste matrikkeleiningar.Saman med skjemaet må du legge ved eit situasjonskart som viser kva som skal bli samanslått.Krav om sammenslåing | Kartverket.noSend inn søknadSøknad med vedlegg kan du sende til oss på e-post: post@bygland.kommune.no eller pr. post tilBygland kommuneSentrum 184745 Bygland Publisert 13.07.2023 09:11 Sist endra 12.08.2024 14:34