Klargjering av eksisterande eigedomsgrenseKva er klarlegging av eksisterande eigedomsgrense?Om det er uklart kvar ei eksisterande grense mellom eigedomar går, kan grensene klarleggjast ved ei oppmålingsforretning.Klarlegging av eksisternde grense kan òg rekvirerast for nymerking av eksisterande grensepunkt som tidlegare er fastsett i oppmålingsforretning.Korleis søke om klarlegging av eksisterande eigedomsgrenseDu søker om klarlegging av grense ved å fylle ut skjemaet; Rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring.Rekvisisjon av oppmålingsforretning - ikke-søknadspliktige tiltak | Kartverket.noSaman med rekvisisjonen må det fylgje med eit situasjonskart som viser kva grenseline/grensepunkt som ein ønskjer klarlagt, og annan relevant dokumentasjon.Send inn søknadSøknad med vedlegg kan du sende til kommunen på e-post post@bygland.kommune.no eller pr. post til:Bygland kommuneSentrum 184745 Bygland Publisert 13.07.2023 09:07 Sist endra 12.08.2024 14:34