GrensejusteringKva er grensejustering?Ei grensejustering er ei mindre endring av grensa mellom to eigedomar utan at arealet vert skilt ut som eigen eigedom.Vilkår for grensejusteringEin eigedom kan bli auka eller redusert med inntil 5 % av eigedomen sitt areal.Maksimalt areal som kan bli grensejustert er 500 m2, uavhengig av prosentandel.Ingen av eigedomane kan totalt avgje meir enn 20 % av sitt areal før justering.Verdien av arealet som blir justert kan ikkje overstige 1G (folketrygda sitt grunnbeløp).Korleis søke grensejusteringDu søker om grensejustering ved å fylle ut skjemaet nedanfor: Rekvisisjon av oppmålingsforretning - ikke-søknadspliktige tiltak | Kartverket.noSaman med rekvisisjonen må det følgje med eit situasjonskart som viser eksisterande og nye grenser.Send inn søknadSøknad med vedlegg kan du sende til kommunen på e-post; post@bygland.kommune.no eller pr. post:Bygland kommuneSentrum 184745 Bygland Publisert 13.07.2023 10:51 Sist endra 12.08.2024 14:34