Fysiske inngrep i og ved vatn

I samband med tiltak i vatn og vassdrag, kan det ofte vere behov for å søke løyve i tillegg til eit eventuelt byggeløyve, nydyrkingsløyve eller løyve til å bygge skogsbilveg

Det kan vere behov for godkjenning eller konsesjon frå NVE, ofte ved dei høve der det er tale om uttak eller bruk av vatn. Det kan og vere behov for løyve frå Statsforvaltaren eller Agder fylkeskommune om ein til dømes lagar fysiske inngrep eller tiltak som kan påverke vasskvaliteten, fiskebestandar eller kantvegetasjon.

Statsforvaltaren har ansvare for kantvegetasjon, anadrom fisk, og noko som er meir relevant i Bygland, trua artar som bleke og ål. Fylkeskommunen har ansvaret i samband med innlandsfisk, som til dømes aure.

Myndigheitene er også pålagt å vurdere om tiltak kan ha negativ effekt på vasskvalitet, og det kan difor  bli stilt krav om dokumentasjon om dette (vannforskriften §12), som regel i samband med større tiltak.

Det kan ved enkelte høve og vere behov for å søke om løyve jf. forurensingsloven, til dømes ved mudring eller utfyllingar. Dette er noko fleire kommunar langs Otra gjere i samband med fjerning av krypsiv.

Nyttinge lenker

Fjerning av kantvegetasjon

Informasjon og søknad om løyve - Statsforvaltaren

Informasjon om løyve/konsesjon via NVE