Forvaltning av fiskevatn og vassdrag

Bygland kommune ved Fisk og vassdragsrådgjevar gir fagleg bistand  og råd omkring forvaltning av fiskevatn. Grunneigarar, fiskelag og andre som ønskjer råd kan ta kontakt

Bygland kommune kan bistå med 

  • rådgjeving
  • tilskotsordningar

 

Det er ein for tett bestand av aure i Byglandsfjorden. Bygland kommune ønsker å stimulere til auka fiske med garn og ruser (kommunestyrevedtak 10.12.2014, sak 82/14). Fisket skal utviklast med tanke på sportsfiske og turisme. Målgruppa er grunneigarar, fiskelag, einskildpersonar og føretak.  Samtidig som aurebestanden skal tynnast ut, må bleka skånast under fisket ettersom bestanden er i ein oppbyggingsfase. 

Eksempel på ein plan for fiske i eit heievatn i Bygland, kan du sjå HER (PDF, 2 MB).

Søknadsskjema for tilskot til fiske i Byglandsfjorden

Vedtekter for tildeling av tilskot til fisketiltak i Byglandsfjorden og Otra (PDF, 43 kB)

Tilskot frå Agder fylkeskommune

Agder fylkeskommune har tilskotsordning som har som formål å stimulere til auka interesse for innlandsfisk og kultiveringsarbeid i Agder. Tiltak innan kultiveringstiltak (fiskeutsettingar, prøvefiske, utfisking o.a.) og informasjonstiltak (digitale løysningar, fiskekortordningar, o.a.) kan få støtte.

I lenka nedanfor finn du informasjon om ordninga og/eller informasjon om kven som kan søke.

Agder fylkeskommune