Bygland kommune legg til rette for nyetableringar og vidareutvikling av eksisterande verksemd.
Kommunen samarbeider med Setesdal Interkommunalt Politisk Råd og har eit eige næringsutviklingsfond som blir brukt til å fremje økonomisk utvikling i kommunen. Fondet er primært meint for økonomiske formål, som støtte til verksemder, tilrettelegging for næringsutvikling i kommunal regi, samfunnsutvikling, ulike typer utviklingsarbeid med meir. Fondet kan også bli brukt til kommunale investeringar i varige eigedelar.
For meir informasjon, ta kontakt med leiar Samfunnsutvikling, Aslak J. Brekke. Du finn kontaktinformasjonen hans nedanfor.