Produksjonstilskot

Produksjonstilskot er ei fellesnemning for fleire tilskotsordningar som føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon kan søke på

Kven kan søke?

Det er føretak som kan søke om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid. For å ha rett på tilskot, må føretaket oppfylle visse vilkår.

Føretaket må:

  • vere registrert i Enhetsregisteret i Brønnøysund
  • drive vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire landbrukseigedommar
  • dispondere dei dyra og dei areala det blir søkt om tilskot for
  • drive arealet ein søker om tilskot for aktivt i den perioden som går fram av jordbruksavtalen

 

Slik søker du:

Du søker tilskot på elektronisk søknadsskjema i Altinn ved å logge inn via ID-porten

Søk om produksjonstilskot

Søknadsfristar

Det er to søknadsfristar i året:

  • 15. mars (med telledato 1. mars)
  • 15. oktober (med telledato 1. oktober)

Du kan sende inn søknad frå og med telledatoane. Føretak som leverer søknaden innan fristen, kan endre opplysningane i søknaden i 14 dagar etter at fristen har gått ut.

Du kan levere søknaden inntil 14 dagar etter søknadsfristen, det vil seie fram til og med 29. mars, men tilskotsutbetalinga blir då redusert med kr. 1000 for kvar dag fristen er overskriden.

Kva tilskotsordningar kan eg søke på?

Produksjonstilskot omfattar desse tilskotsordningane:

  • avløysing ved ferie og fritid
  • arealtilskot
  • kulturlandskapstilskot
  • tilskot for husdyr
  • tilskot for dyr på beite
  • tilskot for dyr på utmarksbeite
  • driftstilskot til mjølkeproduksjon
  • driftstilskot til spesialisert storfekjøttproduksjon
  • tilskot til små og mellomstore mjølkebruk
  • tilskot for bevaringsverdige husdyrrasar
  • arealtilskot til økologisk landbruk
  • tilskot til økologisk husdyrproduksjon
  • distriktstilskot til frukt, bær og veksthusgrønnsaker

 

Landbruksdirektoratet sine sider om temaet