Plan for nydyrking

Derson du ønskjer å dyrke nye areal til jordbruksformål, må du søke kommunen om godkjenning. Du må utarbeide ein plan for nydyrkingsarbeidet med kart over området du skal nydyrke

I Bygland har det sidan 2007 blitt nydyrka omlag 350 daa nytt jordbruksareal, og bare nokre få daa har blitt bygd ned. Dette i sterk kontrast til mange andre kommunar der presset på dyrka mark er stor. 

Jordvern handlar om å sikre dagens befolkning og etterkomarane moglegheit til å dyrke eigen mat på eiga jord.

Kven kan søke?

Føretak som eig eller leiger jordbruksareal, kan søke om godkjenning av plan for nydyrking. Ein kan og gi godkjenning til eigar av jordbruksareal som blir leigd ut.

Slik søker du:

Søk om godkjenning av plan for nydyrking (PDF, 152 kB)

Du sender ferdig utfylt skjema på e-post til post@bygland.kommune.no.

Dette skal planen innehalde

  • Opplysningar om eigedomen og nydyrkingstiltaket.
  • Kart (målestokk 1:5000) som viser det planlagde nydrykingsområdet, tilkomsten til nydyrkingsarealet, eigedommen og området omkring.
  • Plan for grøfting av nydyrkingsarealet (med forklaring på kvar stubbar og stein er planlagt dumpa)

Behandling

Det er ingen frist for å søke. Alle søknadar blir behandla fortløpande.  Landbrukskontroet i Bygland behandlar alle søknadar, og gir vanlegvis mellombels svar innan 14 dagar.  Alle planar for nydyrking må bli sendt til Kulturminnemynde hjå Agder fylkeskommune, til uttale.

Planen må vere godkjent før du startar med nydyrkingsarbeidet.

Aktuell lenke

Regjeringen sine sider om Jordvern