Tradisjonelt landbruk
Kven kan søke?
Eigar av landbrukseigedom, samdrifter eller verksemder med tilknyting til landbrukseigedomar. Det må vere næringsverksemd av eit visst omfang på eigedomen, eller eit potensial for næringsverksemd av eit visst omfang.
Slik søker du
Du søker tilskot på elektronisk søknadsskjema hos Innovasjon Norge ved å logge inn via ID-porten.
Søk om tilskot til tradisjonelt landbruk
Dette skal søknaden innehalde:
Vi tilrår at du tar kontakt med landbrukskontoret for rådgiving om du har tenkt å sende inn ein søknad.
Søknadsfrist og behandling
Det er ingen søknadsfristar. Alle søknadar blir behandla fortløpande. Landbrukskontoret kan hjelpe deg med innsending av søknaden. Det er Innovasjon Norge som behandlar søknaden.
Kor mykje kan eg få i tilskot?
- Du kan få opptil 35% av godkjent kostnadsoverslag i tilskot.
- Øvre grense for tilskot er 2 millionar per prosjekt.
- Det kan bli gitt eit tillegg i tilskotet på inntil 10% i prosjekt der tre er hovedmateriale i vegg og takkonstruksjonar.
- For gjødsellager kan du få inntil 20% avgrensa til 100 000 kroner.
Kva tiltak kan bli støtta?
- Investeringar i driftsbygningar og tilhøyrande produksjonsutstyr av varig karakter
- Gjødsellager
- Investeringar i frukt- og bærdyrking.
- Mindre investeringar i samband med generasjonsskifte.
- Lån til investeringar på landbrukseigedommar, kjøp av eigedom og tilleggsareal
Tilleggsnæring
Kven kan søke?
Eigarar av landbrukseigedom eller verksemder med tilknyting til landbrukseigedommar. Mindre næringsmiddelverksemder som samarbeider med primærprodusentar kan også søke.
Slik søker du
Du søker tilskot på elektronisk søknadsskjema hos Innovasjon Norge ved å logge inn via ID-porten
Søknad om tilskot til tilleggsnæring
Dette skal søknaden innehalde
Vi tilrår at du tar kontakt med landbrukskontoret for rådgiving om du har tenkt å sende inn søknad.
Søknadsfrist og behandling
Det er ingen søknadsfristar. Alle søknadane blir behandla fortløpande. Landbrukskontoret kan bistå med utfylling og innsending av søknaden. Det er Innovasjon Norge som behandlar søknaden.
Kor mykje kan eg få i tilskot?
- Idéavklaring og etablering: tilskotet kan utgjere inntil 75% av kapitalbehovet
- Bedriftsutvikling: inntil 50% av godkjent kostnadsoverslag.
- Investeringar: inntil 35% av godkjent kostnadsoverslag. Øvre grense 2 millionar kroner per prosjekt.
- Generasjonsskifte: inntil 50% av godkjent kostnadsoverslag, for kvinner inntil 70. Øvre grense er 1,5 millionar per prosjekt.
Kva tiltak kan bli støtta?
- idéavklaring og etablering
- bedriftsutvikling
- investeringar
- generasjonsskifte