Konsesjon

Konsesjon betyr løyve til å kjøpe eller arve (erverve) fast eigedom. Fast eigedom kan vere hus, gard eller ubebygd tomt.

Kva erverv er konsesjonsfrie?

Du kan erverve bebygd eigedom som ikkje er større enn totalt 100 dekar og heller ikkje har meir enn 35 dekar fulldyrka eller overflatedyrka jord, utan å søke om konsesjon.

 

Kva må eg gjere viss eg ikkje får konsesjon?

Dersom du ikkje får konsesjon, skal kommunen sette ein frist for vidaresalg. Du må då selge eigedomen til nokon som får konsesjon eller kan erverve konsesjonsfritt. Eigedomen kan bli tvangsseld om fristen ikkje blir halden.

Kven behandlar søknaden min?

Det er landbrukskontoret som innstiller saka for politisk utval, der endeleg avgjerd blir tatt.