DrivepliktDriveplikt gjeld for alle eigarar av jordbruksareal og gjeld heile eigartida. Driveplikta kan bli oppfylt ved at eigar driv sjølv eller ved at jorda blir leigd bort.Kvar er det driveplikt?Alle eigedommar som har fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite har driveplikt. Driveplikta gjeld gjennom heile eigartida, frå du bli eigar og til du overdreg eigedommen til nokon andre.Driveplikta gjeld ikkje skog. Lenke til skogbrukslovenKorleis oppfyller eg driveplikta?Driveplikta kan bli oppfylt på to måtar:personleg oppfyllingoppfylling ved bortleigeDu må bestemme deg innan 1 år frå du overtek eigedomen for korleis du ønskjer å oppfylle driveplikta.Utleige av jordDersom du ønskjer å leige bort jorda, må den bli leigd ut i helst 10 år om gonga. Avtalen må vere skriftleg og uoppseieleg frå eigar si side. Kopi av alle avtalar som er inngått, må bli sendt til landbrukskontoret.Fritak frå drivepliktDu kan søke om fritak frå driveplikta. Då skal kommunen vurdere følgjande forhold:kor viktig det er å halde jordbruksarealet i hevd.størrelsen på arealet.avkastingsevneer det bruk for jordbruksarealet som tilleggsjord i områdetsøkjar sin livssituasjonKva skjer om eg ikkje driv jorda?Om du ikkje driv jordbruksarealet sjølv eller ikkje har leigd bort jorda, kan kommunen pålegge eigaren å leige bort jorda for minst 10 år. Publisert 06.11.2023 14:15 Sist endra 16.10.2025 15:06