Buplikt

Buplikt betyr at nokon må bu på eigedomen. Ved enkelte høve er det lovbestemt at det er buplikt på ein eigedom, i andre tilfelle kan kommunen bestemme at det skal vere buplikt på eigedommen

Kva eigedommar er det buplikt på?

Buplikt kan bli sett som vilkår for konsesjon. Kommunen skal vurdere busetting, ressursforvalting og kulturlandskap for å ta stilling til om det er påkravd med buplikt, om buplikta skal vere personleg for ein eigar, og kor lenge den eventuelt skal vere.

Personleg eller upersonleg buplikt?

  • Personleg buplikt betyr at eigaren må bu der sjølv. Du må vere registrert som busett på eigedomen i Folkeregisteret.
  • Upersonelg buplikt betyr at nokon må bu på eigedommen, men at det ikkje treng å vere eigaren sjølv. Nokon må vere registrert som busett på eigedommen i Folkeregisteret.

Kva skjer om buplikta ikkje blir oppfylt?

Kommunen har ansvar for å kontrollere og følgje opp brot på buplikta. Brot på buplikta kan føre til at eigedommen bli tvangsseld.