Klimatilpassa innkjøp i Bygland
Bygland kommunestyre har vedteke eit innkjøpsreglement der også vi bidreg til det grøne skiftet
Innkjøpsreglementet er ambisiøst og peikar på at vi skal ta omsyn til livssykluskostnadar, universell utforming og miljømessige konsekvensar ved innkjøp.
Miljøkriteria skal ofte vektast minst 30% av total vekting i anbodsprosessar. Det vil seie at vi skal ta omsyn til miljøaspekt og miljømessige konsekvensar ved innkjøp.
Dette er også spanande for alle leverandørar med tanke på å tilpasse seg ein ny kvardag.
Innkjøpsreglement for Bygland kommune
Publisert 07.11.2023 07:41
Sist endra 12.08.2024 14:33