Innkjøpsreglement

1 Innleiing

Dei allereie gjeldande lover, forskrifter, rettspraksis og tilhøyrande rettleiarar om offentlege innkjøp, dannar dei grunnleggjande krava for alle kommunen sine innkjøp. Dette reglementet er eit supplement til det eksisterande regelverket.

Kommunestyret vedtek innkjøpsreglementet minst ei gong kvar kommunestyreperiode. 
Kommunen skal årleg offentleggjere ei liste over leverandørar som sel varer og tenester til kommunen for kr 100.000 ekskl. mva. eller meir.