Følgjebevis/ledsagarbevis

For at personar med nedsett funksjonsevne lettare kan delta på kulturarrangement eller friluftsarrangement, kan dei få med seg eit følgje. Dette blir kalla følgjeordninga og den blir administrert av kommunen. 

Målgruppe

Personar med sjukdom eller nedsett funksjonsevne, for eksempel:

  • Rørsleshemming
  • Høyrslehemming
  • Synshemming
  • Demens
  • Utviklingshemming
  • Allergiar
  • Psykiske lidingar, hjartesjukdomar, lungesjukdomar.

 

Kriterium/vilkår

Det blir ikkje gjort noka økonomisk behovsprøving i samband med søknaden. Ordninga er ikkje avhengig av om du mottar trygd. Det er inga nedre eller øvre aldersgrense for å søkje.

Det er opp til den einskilde arrangøren om dei aksepterer følgjebevis.

Pris for tenesta

Følgjebeviset er gratis.

Søknadsskjema

Søknadsskjemaet finn du på denne lenka.