BUA Bygland - utstyrssentralen i Bygland

Bygland Frivilligsentral driv BUA Bygland. Me har utstyr som du kan låne heilt gratis! For å finne ut kva vi har kan du gå inn på www.bua.no!

BUA Bygland

Aldersgruppe: For alle

Bygland Frivilligsentral på Presteneset på Bygland har ein utstyrssentral kalla BUA Bygland.

Her kan kven som helst komme å låne utstyr til all slags aktivitetar, heilt gratis! 

BUA Bygland er tilgjengelig på ein vakttelefon på etter middag i vekedagar frå 16.00-20.00, og frå 10.00-12.00 på laurdagar. Telefonen er bemanna av frivillige, og dei tilsette i sentralen.

Du finn oss på bua.no. Her kan du søke Bygland, og trykke på "finn utstyr". Her kan du bla gjennom alt me har. Finn du noko du vil låne, må du lage ein profil. Du vel "logg inn" øvst til høgre. Her vel du " registrer deg". Du må vere 18 for å registrere deg. Vil du at barna dine skal låne, kan du legge dei til som "medlåntakar".  Når du har gjort det, kan du reservere utstyr og ta kontakt med vakta for å avtale hentetidspunkt.

Telefonnummeret til vakttelefonen er: 94 50 28 58. 

Adresse: Presteneset 2; 4745 Bygland

BUA bilen

Dersom du ikkje får svar, vert du ringt opp igjen når den som har vakt er ledig. Dykk vil då kunne bli einige om møtetidspunkt.

Me har utstyr som kan nyttast til vinter og sommar aktivitetar. Til dømes: alpinutstyr, telt, liggeunderlag, stormkjøkken, langrennsutstyr, stisykkel, racersykkel, skøyter og det du treng for å leike deg i vatnet som SUP brett, kanoar, kajakkar osv. 

Sidan september 2025 har vi no også ein niseter - BUA-bilen - som me låner ut.

Velkomen!

BUA BOKS

BUA boks Bua.no

I mai 2026 kjem det tre BUA bokser til Bygland. Dette er ein pilot (prøveprosjekt), og Bygland er dei einaste på heile Sørlandet som er med på dette, og 1 av 4 BUA er på landsbasis. Det er aldri blitt gjort før i Noreg! 

Kva er så dette? BUA boksane vil likne på postboksane du ofte finn utanfor butikkar. Forskjellen er at desse vert fylt med utstyr, og ikkje post. Kvar luke er gjennomsiktig slik at du kan sjå kva som er inni. Det einaste du treng å gjere for å hente ut ytstyr er å scanne ein qrkode, og logge på med din BUA bruker, og vipps luka opner seg. Utstyret er klar til bruk. 

Me vil ta sikte på å fylle utstyret med sommar og vinter utstyr. Utstyret skal vere tilpassa området boksen står i. Det kan vere fotball, kubbespel, boccia, stort ludo eller tennisutstyr. Boksane er sjølvbetente og tilgjengelege heile døgnet. 

Boksane skal stå på følgande lokalsjonar: Årdalshallen på Byglandsfjord, Byglandshallen på Bygland og Åraksbø grendehus i Åraksbø. 

Me gler oss stort til å prøve dette ut! Takk til Dam stilftelsen og Bygg Bygland som har støtta oss i dette.

 

BUA Bygland