Startlån

Startlån og tilskot er for personar som ikkje får lån i vanleg bank til kjøp av bustad og som ikkje har mulegheit for å spare

Kva er startlån?

Startlån er ei låneordning som blir behandla i kommunen. Husbanken finansierer ordninga, men kommunane har laga eigne retningsliner for korleis startlånordninga skal brukast.

Kven kan få startlån?

Kommunen kan gi startlån til personar som ikkje får lån eller tilstrekkeleg lånebeløp i bank. Startlån kan gi deg mulegheit til å få ein nøktern og rimeleg bustad.

Sjekk kven som kan få startlån

Slik søker du:

Du søker om startlån ved å fylle ut søknadsskjema på Husbanken sine nettsider.

Søk om startlån