Bustøtte

Slit du med å betale husleiga eller bustadlånet ditt? Har du låge inntekter og høge utgifter til bustad? Då kan du ha rett til bustøtte

Kva er bustøtte?

Bustøtte er ei behovsprøvd statleg støtteordning for dei som har låg inntekt og høge buutgifter. Husbanken og kommunen (NAV) samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken gjer vedtak, men det er kommunen (NAV) som behandlar søknaden og har all kontakt med deg som søker.

Kven kan få bustøtte?

På Husbanken sine nettsider kan du sjå kven som kan få bustøtte, kva krav som gjeld for bustaden og kva inntektsgrenser som gjeld. Du kan og prøve bustøttekalkulatoren.
Les meir på Husbanken sine sider.

Slik søker du:

Du søker ved å fylle ut søknadsskjemaet på Husbanken sine nettsider.

Søk om bustøtte på Husbanken si heimeside

Om du ikkje kan søke elektronisk, kan du finne papirsøknaden her

Søknadsfrist

Søknadsfristen for bustøtte er den 25. i kvar månad. Utbetaling skjer ca den 20. i påfølgjande månad.

Informasjon om bustøtte på fleire språk

På Husbanken sine nettsider finn du informasjon om bustøtte på fleire språk