Transportteneste for funksjonshemma (TT-kort)

Transportstøtte (TT-kort) er eit tilbod til deg som har nedsett funksjonsevne og ikkje kan bruke ordinær kollektivtransport til fritidsreiser. Det skal gi deg som er avhengig av dør-til-dør-transport, moglegheiter til å delta i aktivitetar i nærmiljøet på lik line med andre

 Kva er TT-kort?

TT-kortet blir brukt som betalingsmiddel i drosje. Kortet er elektronisk ob blir brukt som eit vanleg bankkort. Det er personleg og har påført namn og brukarnummer.

Beløpet blir tildelt etter faste satsar, og blir vurdert opp mot behovet ditt. TT-kortet skal kun brukast til lokale fritidsreiser og ikkje til sjuketransport, legebesøk, reise til fysioterapi eller andre reiser som blir dekka av folketrygda. Les meir på pasientreiser.no

Kven kan få tilbodet?

TT-kortordninga rettar seg mot personar med nedsett funksjonsevne og forflyttingshemma som ikkje kan bruke offentlege transporttenester som buss eller liknande.

Slik søker du:

Du må fylle ut søknadsskjema for TT-kort og legen din må fylle ut legeerklæring.

Du kan søke om TT-kort ved å logge inn med ID-porten i skjemaet under. Du kan søke sjølv eller på vegne av nokon andre.

Søk om TT-kort

Skjema for legeerklæring

Søknadsfrist

For tildeling 1. halvår er søknadsfristen 15. november og for 2. halvår er fristen 15. mai.

Om du har fått innvilga TT-kort, treng du ikkje søke på nytt for neste halvår.

Det er kun tildeling to gonger i året, så søknadar som kjem inn etter fristen, blir liggande på vent til neste behandling.

TT-kort, satsar - halvårsbeløp
Kategori Tildelt beløp
Gruppe 1 1 975.- pr. halvår
Gruppe 2 3 950.- pr. halvår
Gruppe 3 5 925.- pr. halvår
Gruppe 4 988.- pr. halvår
Gruppe 5 24 700 pr. halvår (Nasjonal ordning)

 

Kva skjer vidare?

Om du har fått innvilga TT-kort vil du få eit kort i posten som du kan bruke som betaling for transport med drosje eller spesialbil.

Kortet blir fylt opp med tildelt beløp 1. januar og 1. juli.

Om situasjonen din endrar seg, og du får behov for eit høgar beløp enn du er tildelt, må du søke på nytt. Då brukar du samme søknadsskjema og legeerklæring. Det er dei samme søknadsfristane som gjeld.