Tilskot til etablering i eigen bustad

Du kan søke kommunen om tilskot til å finansiere kjøp av ein bustad. Tilskotet er meint for deg som har låg inntekt og som ikkje kjem inn på bustadmarknaden

Du kan søke om tilskot til etablering dersom du har dårleg økonomi og treng hjelp til å skaffe deg ein nøktern og eigna bustad. Tilskotet kan bli brukt til å kjøpe, bygge eller til å refinansiere eigen bustad. Om du får tilskot, og kor mykje du kan få, er avhengig av økonomien din og kor stort startlån du kan klare å betale.

Målgruppe

  • personar med nedsett funksjonsevne
  • flyktningar
  • sosialt vanskelegstilte

 

Vilkår

Bustaden skal vere nøkterne, både når det gjeld storleik og kostnadar. Vidare skal bustaden vere godt eigna for di eventuell funksjonshemming. Økonomien din vil ha betydning for om du kan få tilskot til etablering i eigen bustad.,

Skjema

Du kan søke elektronisk på skjemaet som ligg på Husbanken sine sider.

Søknad

Vil du tale med saksbehandlar?

Då kan du bestille time. Det gjer du på knappen nedanfor.

Bestill time