Parkeringsløyve for forflyttingshemma

Er du bilførar eller passasjer og har særlege problem med å bevege deg over lange strekningar, kan du søke om parkeringsløyve for forflyttingshemma

Kva er parkeringsløyve?

Løyvet gir deg rett til å parkere på offentleg skilta og reservert parkeringsplann utan at du betaler avgift, og utan at du treng å følge den lengste fastsette parkeringstida (så lenge det ikkje er gitt melding om noko anna). Du får vanlegvis løyve for to til fem år.

Kven kan få parkeringsløyve?

Du kan søke om parkeringsløyve dersom du:

  • har store forflyttingsvanskar. Dette må bli dokumentert med ei legeerklæring
  • har særleg behov for parkeringsmoglegheiter nær bustad, arbeid eller i samband med annan regelmessig aktivitet
  • er busett i Bygland

 

Slik søker du

Du søker om parkeringsløyve ved å fylle ut søknad om parkeringsløyve for forflyttingshemma. Du må legge ved legeerklæring, eller be legen om å sende inn skjemaet som ligg under søknadsskjemaet.

Søknad om parkeringsløyve for forflyttingshemma

Legeeklæring - vedlegg til søknad om parkeringsløyve for forflyttingshemma