Heimehjelp

Heimehjelp er eit tilbod til deg som grunna sjukdom og nedsett helse treng hjelp for å greie praktiske gjeremål. Målet er at du skal vere i stand til å bu heime. Du må betale for heimehjelp

Kva kan du få hjelp til?

  • Enkel reingjering av rom som er i dagleg bruk; golvvask, støvsuging og vask av bad/WC.
  • Hjelp til vask av klede i vaskemaskin.
  • Skifte av sengeklede.
  • Hjelp til å handle inn nødvendige daglegvarer. Handling vert som hovudregel utført ein gong per veke. Vi oppmodar om å nytte e-handel der det er mogleg. 

Du må sjølv skaffe reinhaldsutstyr og vaskemiddel etter liste frå heimetenesta. 

Slik søker du

  • I søknaden skriv du kva du treng hjelp til. 

Du brukar felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om heimehjelp

Søk om helse- og omsorgstenester elektronisk

Søk om helse- og omsorgstenester papirskjema (PDF, 175 kB)

Send papirsøknad til:

Bygland kommune
Sentrum 18
4745 Bygland

Kva kostar det?

Husstanden si samla inntekt bestemmer kor mykje du må betale for heimehjelp. 

Eigenbetaling pleie- og omsorgstenester
Praktisk bistand og opplæring (heimehjelp) Merknad
Heimehjelp (praktisk bistand og opplæring) Kommentar
Husstandsinntekt: mindre enn 2G Pr. mnd (sjå merknad)
Husstandsinntekt: 0 - 2G Pr. time
Husstandsinntekt 2 - 3 G Pr. time
Husstandsinntekt 3 - 4 G Pr. time
Husstandsinntekt 4 - 5 G Pr. time
Husstandsinntekt over 5G Pr. time

Korleis blir søknaden behandla og kor lang tid tek det?

  • Det er Omsorgsnemda som behandlar søknaden din.
  • Dei kan ta kontakt med deg for å kartlegg ditt hjelpebehov. Det kan bli nødvendig å avtale eit heimebesøk.
  • Omsorgsnemda sender eit vedtak til deg etter at saka er behandla. Dersom søknaden ikkje kan avgjerast innan tre veker, får du ei skriftleg melding om årsaka. 

Dersom du treng meir informasjon

  • Sentralbordet til Bygland kommune: 37 93 47 00

Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden?

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på fire veker frå du fekk brevet. Grunngi kvifor du klagar. 

Artikkelliste