Legevakt

Ring 116 117 for å komme i kontakt med legevaktsentralen i området der du oppheld deg. Du skal alltid ta kontakt på telefon før du reiser fysisk til legevakt. Det er gratis å ringe.

Ved fare for liv og helse, ring 113.

Kva kan vi hjelpe deg med?

Levgevakta skal tilby hjelp når fastlegekontoret ditt er stengt, og hjelpa ikkje kan vente. Det gjeld og om du ikkje er i nærleiken av fastlegen din, til dømes om du er på ferie eller reise.

Legevakt blir kun brukt ved akutt sjukdom eller akutt forverring av kronisk sjukdom som ikkje kan vente til du kan kontakte fastlegen.

Kva koster det?

Det er gratis å ringe, men når du bruker tenester frå legevakt må du betale ein eigenandel.

Opningstider:

Ettermiddagar kl. 15:30 - 23:00, helger og heilagdagar kl. 08:00 - 23:00.

Det er lokal legevakt alle kvardagar mellom kl. 15:30 og 23:00, og helger og heilagdagar mellom kl. 08:00 - 23:00. 

Når du tar konmtakt med legevakt får du tale med ein sjukepleiar som tar kontakt med legen, dersom du treng tilsyn av lege. Legen som har vakt vil etter avtale møte deg på Bygland legekontor eller på Evjeheimen legevakt. Dersom legen meiner det er naudsynt, kan det og vere aktuelt med heimebesøk.

På natt - kl. 23:00 - 08:00

Om du ringer til legevakt mellom 23:00 og 08:00, og du har behov for tilsyn av lege, er oppmøtestad Arendal Legevaktsentral, Sykehusveien 1, 4838 Arendal.

Her finn du legevakt etter avtale

Besøksadresser
Avdeling Bygland: Sentrum 18, 4745 Bygland
Avdeling Evje: Ljosheimvegen 5, 4735 Evje
Sørlandet sykehus HF Arendal: Arendal Legevaktsentral, Sykehusveien 1, 4838 Arendal

 

Når legesenteret er stengt, kva tid skal du kontakte legevakt?

  • Akutt sjukdom
  • Sterke smerter i brystet eller magen
  • Alvorlege pusteproblem
  • Skadar og kutt som bør bli behandla av lege
  • Mistanke om komplikasjonar i svangerskapet
  • Alvorleg sjukdom hos barn og spedbarn
  • Akutt psykisk sjukdom eller alvorleg forverring av psykisk sjukdom

Kva tid skal du kontakte fastlegen/legesenteret?

  • Forkjølelse og influensaliknande symptom
  • Øyreverk og augekatarr
  • Spørsmål om bronkitt og hoste
  • Feber hos barn (når det ikkje er mistanke om alvorleg sjukdom)
  • Behov for sjukemelding
  • Fornying av reseptar
  • Sjukdom over fleire dagar utan forverring
  • Kroniske smertetilstandar

NB! Hugs at ved akutt behov for medisinsk nødhjelp, ring 113

Ring 113

Giftinformasjonen

Kontakt Giftinformasjonen på telefon 22 59 13 00 for å få hjelp og råd ved akutte forgiftingar og forgiftingsfare. Giftinformasjonen er i beredskap heile døgnet, alle dagar i året.